Bruspårmarken
Av Aslak Nordstoga
I 1897 kom tanken opp at det kunne vera høveleg med ein markensplass i Grunge- dal. Den nye vegen over Hauklifjell var ferdig. Ferdselen frå Hardanger og om- kringligande bygdar tok til å bruke den nye vegen, Haringslepa og Åmyrmarken på Rauland hadde spela ut sin rolle.
Dei som budde på vestsida av Haukelid- fjell og Hardangervidda vart kalla Nor- mennar. Det var den kjende hestehandlaren frå Røldal, Gulleik Saltvoll, som sette seg i spissen for å få til ein marken i Grunge- dal. Han sette seg i forbindelse med Nils Svalastog. Ved Grungebru låg ein gamal husmannsplass som heitte Bruspåren. Denne kjøpte Nils av Anne Bruspåren, ho flytte så til ei lita stoga på Vinje som heitte Liar. Ho vart då også kalla Anne Liar. Nils Svalastog bygde nytt hus på Bruspåren, som seinare vart pensjonat. Første marken kom i gang alt i 1897.
Han hadde også eit jordstykke på andre sida av åe, omlag der Bygdeheimen ligg no. Dette jordstykka vart kalla Låa, det var her marknadsplassen var. Marken ved Bruspåren vart halden på same dagar, som den tidlegare Åmyrmarken, andre fredag og laurdag etter Jonsok.
Måndagen var det marken på Dalen og mange reiste dit. Det kom folk langveks frå, mange utmennar det var folk frå Seljord, Bø og andre bygdar i Midt-Tele- mark. Mange kom til vegars om tors- dagen, slik at det ikkje var så lang reise om fredagen. Då det galt om å vera tidleg, om dei skulle ordne seg med handslsplass om fredagen. Hovedtingen var nok hestehandelen, noko som Nor- mennane sytte for.
Dei frå bygdene omkring sette opp sjapper der dei selde kaffi, brus og anna. Det vart fortalt om ein bakar som heitte Torris Larsen. Han hadde bakeri på Vinjesvingen. Det kan nemnast at han var vestlending frå Strilelandet. Han var gift med Gudrid Straumstøyl. Dei hadde
sonen Arne Straumstøyl, er kjend som ein flink snikkar. Dei hadde ogå dotteri Kjersti. Ho flytte til Flekkefjord, der ho dreiv som syerske. Torris Larsen stilt all- tidt opp på Bruspåmarken med ei drag- kjerre full med brød og kaker. Han stod på markedsplassen om fredagen og utover natta, så lenge han hadde noko å selje.
Der var kom også folk frå byane, helst kvinnfolk som hadde sjapper der dei selde kaffi, suppe og anna. Bygdefolki kalla dei ”Torgfentur”. Det må også nemnast at der var folk frå Eidsborg som selde dei kjende Eidsborgbryne.
Det vart ein livleg handel og fredag morgon når sjappene skulle plaserer seg var det om å gjera å finne ein lagleg stad. Det var alltid konkuranse om å finne den beste plassen.
Hestehandelen var likevel det viktigaste. Det var Normennene som kom med dei fleste hestane. Dei kom i rekke og rad ned Grungedal, 10-12 hestar vart bundne samen med band frå rova til hesten fra- manfor. Det kunne i alt koma ca. 3oo hestar til marken.
Presis kl. 16.00 fredag kunne hestane koma inn på markensplassen. Ved inn- gangen stod Nils Svalastog og talde hestane og skriv opp namnet på eigarane. Det var helst fjorhestar som kom til marken. Dei som ville kjøpe seg hest fekk saumfara hesten nøye. Dei opna kjeften og såg på tennene der han kunne sjå så nokonlunde alderen, Dei fekk lyfte på føtene og granske høvane. Om det var handel var det skjeldan at det vart skrive kontrakter. Det greide seg med ”Hånds- rekning” som det heitte, ein tredjemann ”slo på” som vitne. Det kom etter kvart hand- elskontrakter, eller garantisetel. Dei ”sikra hestane” som det heitte.
Det var livleg hestehandel på Bruspår- marken, mange hestar skifte eigar. Dei som ville kjøpe seg ein gild hest, møtte opp her som var mykje i blea i. Heste- handelen var såleis den viktigaste del av det som gjekk for seg. Det kan også nem- nast at mange bygdeungdomar møtte opp med orv og slåttegogn, dei var ute etter slåttejobb på den tid. Dei som var ute etter slåttehjelp møtte også fram. Det var såleis ei rik samling av folk frå mange bygder.
Eindel fyll og slagsmål forekom. Det var ofte huving og skriking. Etter kvart vart det turvande med politioppsyn. Det lokale politi måtte få hjelp frå politiet i byane.
Marken på Brusporen helt fram i ca. 20 år. Siste marken var vistnok i 1927. Etter denne tid helt marken fram på Dalen og Seljord.
Ein kan ikkje lesa om Bruspåren og Grungebru utan å få med seg nokre vers av A.O.Vinje frå diktet ”Storegut er med som skattegravar”.
Hev´ ved Grungebru du vore, millom fjell på båe sidor,
og som bond sét kvite bekker. fyssa gjenom grøne lider?
Der ein skatt var sagd å liggja. bond av gull og mang ein ring, der på denne syndre sida, under nuten der i svingen.
Nettupp der som straumen syger åt seg heile Grunge-vattn,
der låg ei klinka kiste. denne store, gamle skatten.
Storegut og far hans grov her etter skatten.
Men som der eg grov og mana, so me eit eg sansen miste. nettupp då eg høyrde klangen av min staur mot skattens kiste.
”Jøssu navn” eg syndar sagde, og med fingeren slo eg krossen. So med eitt skrapp kista undan, Ramlande i gule fossen.
Kjelder: Det meste har eg etter far min Knut Nordstoga,og andre eldre folk som hadde opplevd Bruspårmarken.